Kosligste kvelden på lenge

God kveld! Denne helga har vore for det meste dritbra, dessutan sosial! På fredag var eg med Shannon og Vilde etter skulen, vi øvde på musikkprosjekt og det var kjekt. På laurdag malte og leste eg, fekk brukt litt kreativitet. Må jo øve meg no som det nærmar seg juletider, hahah. Kan vise resultatet av maleriet ein annan dag. På kvelden møttes Vilde, Shannon og eg hos Maja, vi hadde det dødsgøy. Det var faktisk ein av dei kosligste kveldene på veldig lenge. Vi lo og lo, herlig. På biletet over kan de forresten sjå forskjellen på agurkbiten min og dei andre. Eg meiner det er mykje meir delikat når den er i små bitar, derfor måtte eg ha min eigen skål, hahah. Spesialbehandling, meheh. Har forresten filma mykje i det siste, så de skal ikkje vente så alt for lenge på neste videoblogg ♥ Håpar de har hatt ei like fin helg som meg!



Fine cardiganen til Shannon ♥

Vilde, Maja, meg, Shannon ♥

Helga i Lom

God dag! Eg har hatt ei heilt fantastisk helg saman med Eileen, mamma og Anstein. Det merka eg først i dag når eg byrja på skulen, he-he. Eg kan jo oppsummere litt under bileta i innlegget. Vi har fått gjort utrulig mykje berre på dei to dagane i fine, fine Lom ♥

På fredagen hoppa eg i bilen etter skulen, resten av dagen gjekk til køyring.

Laurdagen byrja utrulig fint med at vi besøkte eit koseleg bakeri i Lom sentrum. Det er vanskeleg å tru at dette er det travlaste bakeriet i Noreg, i lille Lom, hahah. Dei hadde i alle fall skikkelig gode bollar der, kjem faktisk ikkje over det. Kjenner verkeleg på savnet!

Etter ein deilig frukost på det lokale bakeriet gjekk turen opp mot Galdhøpiggen, med bil. Det blei ikkje fjelltur til fots denne gongen, men vi fekk uansett litt av ein tur. På førehand hadde vi bestilt ein guida tur inni isen. Først gjekk vi ein kilometer med stopp innimellom, guiden fortalte om diverse artar ein kan finne i naturen, om permafrost, steinar og mose. Det var, sjølv om det kanskje ikkje høyrast sånn ut, skikkelig spannande. Eg følte at eg sugde til meg kunnskap samtidig som eg hadde det kjekt. 

Så kom vi til den gøye delen. Når vi nærma oss Juvfonne (isen) måtte vi gå inn ei dør. Det var faktisk ganske magisk å tre inn i ei hule av is. Ei 70 meter lang tunnel fekk vi lov til å spassere rundt i, vi var omringa av 6000 år gammal is. Inni isen var det til og med ei sklie, fekk kjensla av å vere med i istid, haahah. Det tok oss ganske lang tid før vi turte å prøve den, for det var så grusomt trangt, men gjett om det var gøy når vi først kom oss inni! Har det på film, lol. Eg fekk ikkje tatt så mykje bilete der inne sidan det var ganske klumsete å gå rundt å knipse bilete når eg måtte konsentrere meg om å 1. ikkje skli, og 2. holde varmen. 

På sundagen stod vi opp og starta nok ein dag på bakeriet med kaffi, nybakte rundstykker og bollar, 10-hi. Etter det la vi inn eit stopp på Norsk fjellmuseum som hadde med laurdagens besøk å gjere. Der fekk vi sjå utstillingar frå funn i breen, det var sko, klede og reiskapar frå langt tilbake i tid. Eg og Eileen er jo soulmates når det kjem til sånt, vi bruker gledelig helga til å studere rustne knivar og rekonstruksjonar av dyrelivet frå istida, hahah. Jaja, vi er alle forskjellige. 

Vi var forresten utrulig heldig med å få sjå det dei kalla for "ferskvaredisken" på museet. Der låg det ting som blei funnet same veka og som enno ikkje hadde blitt studert. Det kan de sjå under.

Bergen→Førde→Lom

No har eg pakka sakene og er klar for å sette meg i bilen med kursen mot Lom. Først skal vi gjere eit stopp innom Førde og plukke opp Eileen. Eg har truen på at dette blir ei veldig kjekk helg. Håpar alle får ein super helg! ♥

Merkeklede

Hei! Det som står under handlar om alle, eigentleg. Ingenting er meint personleg. Håpar nokon har nytte av å lese det som står. 

Dei siste åra har det blitt meir og meir vanleg at klesskapet til folk i alle aldersgrupper består av merkeklede. Det værste er truleg at kids som går i barnehagen tuslar rundt i Ralph Laurenskjorte og Uggs. For det første veit dei ikkje verdien av kleda og har dermed inga problem med å bruke til dømes skoa til å grave sand med. For det andre er dei då i ein alder der dei veks veldig fort, dermed har dei berre eit par månader til å bruke desse kleda. Uansett har eg hovudfokuset på ungdommen i dette innlegget.

Det er rett og slett trist å sjå strevet unge jenter og gutar har for å passe inn i dag. Mange trur at nøkkelen er merkeklede. Kanskje nøkkelen er nettopp det! Dette gjeld spesielt åra frå 8.klasse og oppover, slik eg opplever det. Sjølv har eg lite merkeklede å skryte av, men det betyr ikkje at ikkje presset er der. Eg, som dei fleste andre på min alder, er omgitt av eit press. Eg meiner, hadde eg fått tilbodet om ei gratis Tommy Hilfiger t-skjorte hadde eg ikkje akkurat sagt nei. Uansett hadde eg ikkje sprunget for å kjøpe ei sjølv, i alle fall ikkje no. Eg tener mine eigne pengar, eg har råd. Kva er som som gjer at eg ikkje også slenger meg på trenden?

Heilt ærleg vil eg ikkje berre følge med straumen. Eg får ein heilt spesiell glede av å kjøpe billige klede på sal, anten det er på Fretex eller H&M. Ein annan ting er dette med etisk handel. Vi må tenkje over kor det vi kjøper kjem frå, og korleis det vert produsert. Sjølvsagt er det lett å masseprodusere billige klede under dårlige forhold og selge dei i hytt-og-pine på H&M, det er det inga tvil om. Men noko som like tydeleg har komt fram i media for ikkje så lenge sidan er korleis mange av dei oppskrytte merkekleda blir produsert. Eg seier ikkje at dette gjelder alt, men hallo... Kor trur du den fine pelsen i Uggsa dine kjem frå? 

Så er det jo dette; Kva er det som er så valdsamt spesielt med merkeklede? Jo, nettopp, det er dyrt. Ofte svindyrt, faktisk. Dessutan er desse såkalla merkekleda berre eit vanleg stykke med tøy. Ofte ei heilt einsfarga skjorte, ikkje fyllt med meir enn ein mikroskopisk logo. Med andre ord er det heilt vanlege klede, berre at prisen er skrudd opp om lag 8 gongar så mykje. I alle fall i mine auge. Eg seier ikkje at desse merkeskjortene ikkje er fine, eg seier berre at dei sikkert ikkje hadde vore like fantastisk i alle sine auge dersom dei ikkje var populære. Uggs, til dømes. Sjølv har eg prøvd det mange gonger. Dei er kjempevarme og gode inni, lett å trakke oppi. Eg skjønar kvifor folk vil ha dei, men la oss ikkje leggje skjul på at det ser ut som tøflar. Merkeoppstyret gjer oss blinde. 

Veldig mange har merkeklede berre for å ha det, trur eg. T-skjortar i same merke, same storleik, 10 stykk av dei, i forskjellige kvitnyansar. Då har det rett og slett gått for langt. Eg håpar dei som har slike samlingar ikkje går til foreldra sine og syter til dei får viljen sin. Er det noko verda har nok av så er det bortskjemte tenåringar.

Ikkje misforstå meg... Eg har full forståelse for at folk vil ha merkeklede. Anten er det vegen inn i gjengen, eller kanskje du føler deg fin i det. For all del, kjøp det, bruk det, eig det! Berre ikkje sjå ned på dei som har mindre samling enn deg. Sjå heller opp til dei. 

Korleis opplever du dette merkeoppstyret?


Nytt til hausten

¡Hola! I forrige veke dro eg på ei lita runde saman med mamma. Ho var så grei å kjøpe ny jakke og ryggsekk til meg, hihi. Det er ikkje veldig ofte sånne ting blir oppgradert, så då er det ekstra stor stas når det skjer. Eg har kjempelenge hatt lyst på ein gul fjällrävensekk, no har eg det endelig. Den er perfekt. Jakken er ein regnjakke/allværsjakke og den er kjempefin.  



Vel, no skal eg reise meg, fikse meg og dra på jobb. Er jo ei heil veke sidan sist. Ha ein fin dag alle saman!

FINALLY FRIDAY

E.N.D.E.L.I.G FREDAG! HURRA! Hadde i grunn gløymt kor deilig kjensla av å dra heim frå skulen på ein fredag er, for fy søren. Ikkje det at eg skal gjere noko spesielt, men uansett er det deilig å kunne sove lenge i morgon. Vi hadde vår første prøve i 10.klasse allereie i dag, wæ. Trur at det gjekk bra, men det er så irriterande når ein får heilt uventa ting på prøver.

I går var ein veldig hyggelig dag. Etter skulen dro Shannon og eg ein tur på butikken, men på vegen la vi inn eit stopp på den gamle skulen vår. Der fekk vi sjå mattelæreren vår frå i fjor, Berit. Vi prata masse og det var veldig hyggelig å sjå ho igjen. Eg veit ikkje om eg kan kalle dette ein dårleg eigenskap, men det kan i alle fall vere ein svakhet for meg. Når eg møter nye menneske, eller, eg trenger faktisk ikkje å møte dei ein gong. Det kan vere folk eg ser på TV, lærere, folk som jobber i butikk etc... I alle fall blir eg så utrulig fort glad i folk at det er ikkje mogleg, hahah. Hugsar til dømes i sommarferien når Sunniva og eg stod i ein tivolikø i København. Bak oss stod det ein mann og dottera og dei byrja å prate med oss på engelsk. Dei spurte kor vi var ifrå og fortalte om ferien sin og at dei sjølv var frå California. Savner han mannen. Han var skikkelig grei, sånn skikkelig skikkelig grei og. *sukk*.

Eg ville i grunn berre ønskje alle ei superduper helg! ♥

3 høgdepunkt i sommarferien

God kveld! Eg er ikkje heilt klar for å gi slipp på sommaren enno, men det er på tide. Allereie i dag merka eg at det er blitt svalare ute. Uansett kor mykje eg elskar hausten er det alltid med eit sukk eg tar mitt siste bad i sjøen, et den siste softisen og drikk den siste glassflaskecolaen. Dette var ein fantastisk bra sommar, for eg var så lykkelig og omringa av dei beste menneskene. Under har eg sortert ut tre høgdepunkt frå starten til slutten, etter det skal eg halde kjeft om sommaren for ei stund og la årstidene gå sin gang.

Sverige med Sunniva. I starten av Juli dro Sunniva, pappa og eg til Sverige for å besøke farmor, farfar, Kim, Nora og heile resten av familien. Det var som alltid koselig. Vi la inn eit stopp i stockholm der vi fekk gjort mykje på kort tid. For det første fekk vi shoppa til vi hadde 10 kr igjen på kontoen (no joke) og for det andre dro vi på tivoli. Sunniva og pappa var heldig med meg den dagen, i motsetning til andre gongar var eg veldig flink til å ta attraksjonar. Eg trur eg berre kom til det punktet der eg endte opp i køane og hadde ikkje så mykje eg skulle ha sagt før vi knirka oss oppover på skinnene. 

Fine dagar med fine folk. I ein god periode hadde eg rollen i eit eventyr med besøk av dei beste og fint vêr. Eileen var på Bergensturne og vi måtte ved den anledning så klart samle gjengen. Eg er så glad for at eg har to jevnaldra personar i livet mitt som forstår meg uansett, ikkje dømmer og er festlige til ein kvar tid. De anar ikkje kor mykje eg set pris på det. Ein funfact er at vi kom til å prate om at vi skulle ønskje vi feira thanks giving i Noreg fordi det er ein fin høgtid. Samtalen endte med at vi satt i timesvis og feira vår eigen thanks giving nede ved stranda, hahah. Lever for sånne stunder. Når eg tenkjer meg om gjorde eg mykje sprell saman med jentene denne sommaren, men mykje av det er best å ikkje nevne her, hahaha.

KØBEN. Til slutt var eg så heldig å få oppleve nok ein storby i år, København. Dette var eigentleg ein ganske spontan tur, men eg takka så klart ja. Dermed blei eg med Sunniva og dei på ei uforgløymeleg reise. Det var god mat, festilige opplevingar og shoppingparadis. Meir kan eg ikkje be om.

Kva var ditt høgdepunkt i sommarferien? :)

Shake it off

Eg har aldri vore ein sånn spesielt stor Taylor Swift fan, men fy søren så bra den nye sagen hennas er. Shake it off må vere noko av det beste ho har gjort. Det er rett og slett ein skikkelig gladsang og du kan ikkje anna enn å hoppe og sprette når den kjem på. Korleis min livssituasjon er går veldig mykje ut over musikksmaken min. John Mayer vil så klart alltid vere min favoritt, men innimellom er det skjønt å høyre noko anna. For ei stund tilbake gjekk det nesten berre i The Pretty Reckless som de også må høyre. Om de har sett Gossip Girl så er det Jenny som synger (Taylor Momsen). 

Elles var vi på Liafjellet med skulen i dag, etter det fekk vi gå heim. Dermed var det ein utrulig kort dag som førte til at eg fekk vaska hos besto og diverse anna. I morgon er eg klar for jobb igjen, hihi.



 Genser frå New Yorker

10.klasse

Hello. Då er skulen i gang igjen, ny skule. Det er utrulig rart å tenkje på at sommarferien er over for denne gang. Eg var mest sannsynleg ein av dei som gleda meg mest til å starte igjen i klassen, men no lengtar eg litt, heheh. Det er ikkje det at vi har starta så hardt på, det er det at eg veit at eg har eit utrulig slitsamt år i vente. Det er i alle fall mitt val å gjere det slitsamt, ein kan jo velge å ikkje bry seg. Mange seier til meg at dei jobba alt for hardt i tiande og at det til sjuande og sist eigentlig ikkje var viktig i det heile tatt, men eg er litt ueinig. Alle år teller. Dermed skal eg gjere mitt aller beste, kanskje til og meg gi akkuratt litt meir enn eg gjorde i fjor. 

Eg har ikkje telling på kor mange gongar vi blei minna på at vi no går i 10.klasse i dag. Kvar einaste lærar som kom inn i klasserommet sa ting som "Dette er det siste året, det er no det gjelder", "siste innspurt no", "om de trur at dei andre åra gjekk fort vil de ikkje tru kor fort dette vil gå", "før de veit ordet av det er det eksamen i morgon" osv... Eg var klar over alt dette, men å ha eit menneske ståande framfor meg på skulen og seie det var ei heilt anna opplevelse enn å tenkje det. 

Heilt ærleg gleder eg meg berre til å komme i gang med det vanlige arbeidet og lekser. Eg er litt redd for korleis skulearbeidet blir på den nye skulen og om det er hardare eller kva det er. Vi har nye lærare i dei to faga eg sliter mest med; Matte og naturfag. Eg var veldig nøgd med dei vi hadde i desse faga i fjor, så eg kan ikkje ha anna enn ei positiv innstilling til dei nye!

Til slutt vil eg seie at skulen er utrulig fin, splitter ny. På dei andre skulane eg har gått på har eg vore van med å lære kor alt er ved å følge teikningane på veggane, men no er jo alle veggane heilt kvite, ahahh. Eg fekk forresten også skap oppe, slik at eg slipper å legge meg ned på golvet når eg skal inn i det. Lykke på jord! ♥


PS; Eg har bestemt meg for å blogge vidare, men kanskje litt begrensa i forhold til at eg verkeleg må prioritere skule no. Det er vel uansett kjekkare å lese når eg har litt å skrive i staden for at eg skriver berre fordi eg må gjere det kvar dag.

BETZY

God kveld! Eg har hatt to fantastisk fine fridagar saman med Eileen, Sunniva og familien. Vi rakk til og med å ta årets siste bad. Eg trur i alle fall at det var årets siste bad, temperaturen i vatnet var nemleg ikkje så mykje å skryte av lenger. Den eine dagen sov eg faktisk til klokka tre, hahah. Sov i over 14 timar, det er så lenge at det ikkje lenger er godt! Den dagens såg vi på Ullared på TV og heia på at desse ekstrem-kuppongsamlerene skulle klare budsjettet sitt. Skulle ønske vi hadde kupponger i Noreg også, så kunne eg spare på dei og komme ut frå butikken med hundre esker pasta og null på sluttsummen.

I dag var det tilbake til jobb og det gjorde meg ingenting. Det var ganske deilig å få brukt hjernen litt igjen. I morgon blir siste dag på jobb før skulen startar igjen, fy søren. Over er to bilete av Betzy, det er ikkje så lett å ta bilete av ho sidan ho meir eller mindre aldri står i ro, haha. Ho er utrulig skjønn då♥

Overnatting hos Sunni

Hei og hå! Håpar de likte videoen i forrige innlegg. I dag har eg prøvd å finne antrekk til første skuledag, men det er jo som alltid umogleg. Det speler ingen rolle kva eg vel i dag, for eg kjem til å ombestemme meg atten gonger uansett. Eg har så klart ikkje berre prøvd klede, eg var også på jobb i dag for fjerde dag på rad. I går etter jobb dro eg heim til Sunniva på ein god gamaldags overnatting. Vi var så godtesugen (for ein bombe) at vi trossa stormen og gjekk til Kiwi. Etter det brukte vi kvelden på å spele spel og litt anna. Vi hadde også kjempemykje å prate om, elsker dagar som det. Så ja eg hadde ein utrulig koselig kveld med Sunniva. Det var ikkje like koselig når vekkerklokka vekte meg klokka 08:00 i dag tidlig pga jobb. Når eg først kom meg dit gjekk det fint då, men det er akkurat det der å dra seg opp, hahah. 



Eg kjøpte verdas beste og skjønnaste sminkebag i Køben forresten. Den er enorm og har dermed plass til hårkost, hårspray, hudkrem og alt mogleg i tillegg til sminke. Den er frå H&M.



Video: Back 2 school haul

Hei, hei. Eg har hatt tidenes beste dag, veit de kvifor? Fordi eg ikkje har gjort nokon ting. I alle fall ingenting nyttig. Først sov eg i 12 timar, noko eg ikkje har gjort på kjempelenge. Etter det bestemte eg meg for å lage pannekaker med bacon til frukost, dei blei gode til tross for at eg måtte improvisere med sjølve røra. Elles har eg prata med Silje, fått skrevet litt og byrja på ein ny serie. Eg har lenge blitt anbefalt Orange Is The New Black, i dag bestemte eg meg for å gi den ein sjanse. Sjølv har eg berre sett 4 episodar, men det er veldig bra så langt. Uansett var poenget med dette innlegget videoen under. Set på 1080 p for betre kvalitet!
Har eg gløymt noko?

Nytt familiemedlem, Stoltzen og meir

Heihei frå bloggen som framleis eksisterer, heheh. Tok meg eit par dagar med pause for å få lade litt opp. Eg har jobba ganske mykje i det siste, på det første biletet kan de sjå korleis museet eg jobbar på ser ut. Eg synas det er kjempefint, hihi.

Bortsett frå jobb har eg hatt ein god del besøk. Som sagt var jo Eileen her og saman med ho, Sunniva og Silje som også var her hadde eg the time of my life, hahah. Eg er så glad i alle saman og det er heilt forferdelig at vi ikkje kan møtast oftare, men sånn er det. Det er ikkje så lenge til eg ser dei igjen ♥ På den tida eg ikkje har blogga så mykje har vi faktisk fått eit nytt familiemedlem. Eg skal skrive litt meir om det etterkvart i tillegg til å ta litt fine bilete. Foreløpig kan de nøye dykk med det lille biletet nederst i venstre hjørne av den nye kvalpen vår, Betzy. ♥ Hadde forresten også ein utrulig koselig dag med Maren for ikkje så lenge sidan. Vi hadde så utrulig mykje å prate om og det var rett og slett berre kjempekoselig. Det var veldig godt å sjå Shannon igjen også, og herregud no blei det mykje her, hahah. 

Dei to siste bileta i kollasjen er frå Stoltzen som pappa og eg gjekk opp i dag. Eg har ikkje hatt så mykje tid til å vere aktiv i det siste på grunn av jobben så det var deilig å få gått ein tur i dag som eg hadde fri. Stoltzen er jo berre trappar heile vegen, men fy søren så tungt. Skal seie eg kjente mjølkesyre i beina. Kjem nok til å ha litt av ein gangsperr i kroppen i morgon...

Forresten hadde Sunniva, Eileen og eg ein utrulig koselig kveld nede ved sjøen når Eileen framleis var her. Først gjekk vi til Kiwi og kjøpte ein hau med snop og glassflaskecola. Etter det bestilte vi pizza frå Capri og tok den med ned til stranda. Der satt vi å prata i timesvis før vi bada i eit par timar til. Ein av dei beste sommarkveldene hittils i sommarferien ♥

Til slutt må eg seie gratulerer så mykje til ein av dei kjæraste personene eg har i livet mitt, Besto. Ho blir 80 år i dag og er den flottaste gamle dama i verda, og ikkje minst den greiaste, mest hensynsfulle personen du nokon gong kan møte på. Er sååå glad i ho. Håpar ho får ein fin dag saman med dei tre døtrene sine, det fortjener ho!

Her er antrekket eg brukte i besøket. 

Fine dagar med fine folk

God dag! Beklager fråveret dei siste dagane, men eg har vore ganske travel og har hatt litt andre prioriteringar. Har jo jobba ganske mykje i det siste og no som Eileen er her vil eg nyte det. Silje er her også, så eg er eit ganske heldig menneske akkurat no, hihi. ♥

I går var Eileen, Sunniva og eg nede og bada. Vi var faktisk ute i vatnet i over 2 timar i strekk. Det skal ganske mykje varme til for å holde ut det, anbefalar alle å ta seg eit forfriskande dypp! No har vi nettopp hatt SIlje her og skal turnere vidare til butikken med Sunni. Planen er ein koselig jentekveld og då må vi jo unne oss litt godt. 

Håpar vi sees om kort tid, ha det bra så lenge ♥




Norsk jord

Hei! No er eg på norsk jord etter eit par dagar vekke. Eg kom heim til besøk og strålande vêr som var herlig. I morgon skal eg på jobb igjen og det blir kjekt, det er deilig med rutine. Først må eg berre ta ein kjapp oppsummering ♥

Den siste dagen i Køben gjekk til tivoli heilt frå det opna til det stengte. Det var veldig kjekt der og noko av det gøyaste var ein berg-og-dal-bane som gjekk i loop tre gongar. Det var ekstremt varmt å stå i kø i 40 min, føltes som eg vandra i saharaørkenen. Det var best på kvelden når det var blitt itt svalare i lufta. Det var sjukt idyllisk på slutten når Sunni og eg var omtrent dei siste som fekk komme inn i køen til slengdisser som var nesten hundre meter over bakken, håpar de forstår. Uansett var det i alle fall den sjukaste utsikten og sidan det var mørkt på den tida var det lys i alle slags fargar over alt. Det var rett og slett nydelig.

Neste dag stod vi opp tidlig og dro til flyplassen for å dra heim. Der hadde dei tidenes største taxfree, måtte rett og slett spørre om vegen til kassa når eg skulle betale, hahah. Kjøpe bueno og leppestift, mmmm ♥ Bueno må seriøst vere ein av verdas beste sjokoladar!



Det er heilt ærlig litt deilig å tenkje på at eg ikkje skal reise på ei god stund frå no av, hahah. Dei siste vekene før skulestart skal eg berre nyte med familien og jobbe mykje ♥

Shopping og dansk bøf

God kveld frå Danmark, Køben! I dag har vi shoppa frå butikkane opna til dei stengte, med andre ord ein super dag. Eg føler eg har shoppa dødsmykje og har fått veldig mange "nødvendigheter", men eg er framleis innanfor busjettet, woho. Ei av verdas beste kjensler må nok vere når du sjekker saldoen din og du har mykje meir enn det du hadde frykta, hihi. Eg klarar berre ikkje å styre entusiasmen når eg ser skilt som Topshop, Newyorker, Terranova, Urban Outfitters osv...

Problemet når ein er på ferie når ein går rundt i timesvis er at det ikkje er like lett å dekke dei mennesklege behova som å ete og gå på do, hahah. Sunniva og eg var sånn inni shoppingen at vi plutselig oppdaga at vi holdt på å besvime av sult. Når eg er på mitt mest sultne humør kan eg lett gå innom Mcdonalds og seie "ein hamburgar, ein stor pommes frittes, ein stor cola og ein sjokolademilkshake.", det gjorde eg i dag, hahahha. Trur de eg orka alt? Neeeh, men nesten. 

Etter eit par timar med nødvendig avslappning på hotellrommet bar vi ut til Jensens bøf, altså ein biffrestaurant. Der åt vi deilig mat og dessert, mmm. Likar meg her. I morgon blir det Tivoli på oss. De vil ikkje tru kor mykje det kribla i magen når vi gjekk forbi dette ↓

Beklager at det blei så lite bilete, men kameraet har nesten ikkje fungert i heile dag. Heldigvis fekk eg fiksa linsa no, pjooh. 

Vel framme i Køben

God kveld alle saman ♥ No sit Sunniva og eg på hotellrommet med ganske trøytte bein. Mykje av dagen har gått til reising, men så fort vi kom fram gjekk vi i grunn ut døra og byrja å spassere rundt i gatene. Butikkane var stengt på denne tida, men vi skal jo shoppe ein annan dag. I dag fekk vi meir eit innblikk på kva som eigentlig er å finne her i Køben. Så langt må eg seie at eg likar meg veldig godt i Danmark. Vi åt utrulig god mat på restaurant, så no er eg god og mett. Føler eigentleg for å gå å leggje meg om ikkje så lenge, må jo vere opplagt til i morgon, hihi. ♥

Ha ein fin kveld vidare!

Desse bileta er frå ein veldig kul vegg vi gjekk forbi der folk hadde skrevet kjempemykje som var gøy å lese. Vi vurderer faktisk å skrive noko sjølv før vi drar heim igjen, må jo etterlate litt spor, heheh.

#happywall

SPONTANTUR TIL KØBEN

ALOHA! Då har eg gleda av å fortelje at i morgon går flyet til Køben. Det er ikkje så lenge sidan eg fekk tilbodet om å bli med Sunniva og dei, måtte så klart takke ja etter å ha fått fri frå jobb. Eg gledar meg skikkeleg til tivoli, å sjå på folk og ting, ta bilete, og så klart å shoppe litt. Det skal bli deilig med eit par dagar fri etter ei ganske hektisk veke på jobb, hihi. 

Det blir fire dagar, og denne gongen blir mac´en med, derfor blogging om eg har internett. Woho! Vi trenger ikkje å stå opp sånn grytidlig i morgon så no er planen å berre daffe litt. Snakkes om ikkje så lenge ♥




Tumblr Room

Hello. Dei siste dagane har eg i grunn berre jobba, men no er det kun ein dag igjen på ei lita stund, kvifor kjem i morgon, hihi. På fredag etter jobb dro i alle fall pappa og eg til Ikea for å kjøpe det siste eg trengte til rommet mitt som vi no har fiksa litt på. Eg vil ikkje akkurat kalle det oppussing, for eg har i grunn berre bytta plass på skrivepulten og senga, i tillegg til å sette opp litt nytt.

Eg har veldig lenge søkt rundt på weheart it på til dømes tumblr room, roominspo og så vidare, og tenkt "Sånn rom vil eg og ha". No føler eg i grunn at eg har det, er i alle fall veldig fornøgd med resultatet. Det vi gjorde var å kjøpe ein haug med gjennomsiktig, kvitt stoff og henge det rundt i taken og nedover veggene ved senga. På toppen festa vi små lys og til slutt ei anna lysstrimle. Slik blei det ♥

Kva synast de? ♥

Summer so far: Video

Arbeidslivet



God kveld! No har eg jobba to dagar på rad og er klar for to fridagar før eg drar tilbake på jobb. Det er faktisk null problem å ha sommarjobb, eg kjem meg som oftast ganske lett fram og tilbake, guidingen byrjar å bli mindre skummel og meir og meir feilfri, og dagane går som oftast ganske fort. Eigentleg er det ganske kjekt å ha noko å fylle dagane med, å gjere litt nytte for seg. Eg trivast godt, så veit dykk det. Samtidig er eg ganske sliten når eg kjem heim, men sånn er det. Eg merker ein stor forskjell mellom å vere sliten etter skulen og etter jobb. Etter skulen er det liksom i hovudet, men etter jobb er det i kroppen, førstenemnte er klart verst. 

No skal eg nyte fridagane mine og ta det med ro, see you soon ♥

Mostly Black

Dette er gårsdages antrekk frå ein overraskande varm dag. Eg er ikkje heilt van med denne hetebølga som er over oss no, føles i alle fall ikkje som Noreg når eg går ut døra, heheh. I dag skal eg på jobb, det er ei god stund sidan sist, faktisk. Det skal bli godt å få noko nyttig å gjere på denne veka, er jo på full sparing for tida. Det beste er at eg ikkje treng å stå opp sånn klokka fire på natta for å jobbe, neida. No skal eg ta meg ein liten joggetur før eg lagar ein god frukost og ordner meg. Eg håpar alle får ein fin dag, ut i frå himmelen eg ser utanfor vindauget mitt ser det lovande ut ♥

Shorts frå Bikbok// Solbriller frå H&M

Stockholm HAUL

Vakkert startbilete som alltid, hahah. Såg heilt grusom ut utan sminke og med vått hår, men jaja. Poenget var å vise det eg kjøpte i Stockholm. Hope you like it ♥

 

Home, sweet home

Hola everyone! Då har eg omsider plassert føtene på norsk jord etter 10 dagar i eventyrlige Sverige. Først var vi som sagt to dagar i hovudstaden før vi dro eit stykke utanfor Stockholm til farmor og farfar resten av turen, berre for å oppsummere. Det har vore kjempekjekt og eg føler at vi har fått gjort litt av kvart kvar einaste dag, med andre ord levde ferien opp til forventningane. Eg kjem til å sakne familien min og bekjente i Sverige veldig mykje, å ta farvell er aldri gøy, men life goes on. Forhåpentligvis blir det ikkje lenge til neste gong ♥

No blir det meir eller mindre normal blogging framover, det er berre det at tilgangen på internett dei siste to vekene har vore ganske fråverande, hahah. Har framleis ein god del bilete å vise, det kjem nok litt etter litt. 

I kveld har eg ein del gjeremål som står på samvittigheita, så det er i grunn berre til å kome i gong. Blant anna må eg pakke ut, rommet mitt kan ikkje beskivast med andre ord enn kaos for augneblinken. Om eg er effektiv rekker eg kanskje å catche opp med alle dei nye youtubevideoane som har komt ut mens eg var vekke, hihi. Ha ein fin laurdagskveld alle saman!




Sunni og meg på stranda ♥



PS: INNKJØPSVIDEO KJEM I MORGON 

SMOOTH DAYS

God sommarkveld mine fine. Her er alt bra. Det har vore deilig å avkople frå internett i eit par dagar, ikkje det at eg har hatt tilgang på det uansett. Vi har rett og slett vore kjempeheldige med vêret. Ei natt var det faktisk trope, hihi. Dagane har bestått av bading, soling og meir bading. Eg klarar rett og slett ikkje å joine brun og blid-klubben, eg er ikkje skapt for bikiniskille, hahhahah. 

Ein sneak peak på ein av mine mange absolutt nödvendige innkjöp. Ein veit aldri når eg får bruk for ein oppblåsbar skilpadde.

På måndag måtte vi ofre nokre solfylte timar til ei handlerunde. Vi dro blant anna innom favorittbutikken min, Dollarstore, eit paradis av eit bygg der alt til salgs kostar 10 kr. Skal seie eg fekk brukt eit par hundringsar der også. Det er faktisk sånn at ein som oftast bruker meir pengar inne på billige butikkar. Det gjekk faktisk så langt at eg stod og holdt i ein billig sykkelås, sjölv om eg når eg får tenkt meg om ikkje ein gong har sykkel!

Eit nice badeshot av Sunniva og meg. ♥

Meg med våtdrakt, sjölv om det er 150° i vatnet.

Meg og Kimmen ♥

Dette er eit bilete frå i dag då eg åt min tredje is, mehehheh. 

oooog dette er frå i går, då vi köyrde i ring etter båten, woho. Ein meir befriande kjensle enn å sitte i ringen bakpå eksisterer ikkje. 

På fredag må vi dessverre forlate Sverige, til då skal eg minst ete 46 isar til. Fy sören så god is dei har i Sverige, dei er så mykje meir kreative her! Det einaste eg gledar meg til når det gjeld å komme heim igjen er å forlate myggen. Farmor og farfar bur jo på ein av dei värste myggstadene i heile Sverige, de anar ikkje. Det kan faktisk vere eit helvette. Denne sommaren er vi ganske heldig, men eg skal ikkje leggje skjul på at eg klör meg til döden er när om natta. Usjjj. 

 Sees om litt ♥

Beach Time

No drar vi til stranda for nok ein dag med sydentemperatur og knall sol, hurra. Håpar alle får ein fantastisk dag uavhengig av vêret! Har forresten ny bikinitruse, skikkelig bestemor, heheh. Eg likar det ♥

Opphaldet i stockholm

God dag! Alt har gått i eitt kjör sidan sist eg blogga. Vi har vore i Stockholm i to dögn og no har vi komt til farmor og farfar. Rett etter at vi landa på onsdag dro vi först til hotellet med bagasjen og så direkte til Grönalund, altså fornöyelsesparken i Stockholm. Eg hadde bestemt meg for å vere töff og det klarte eg faktisk. Vanligvis tör eg så vidt å ta elefantene, men denne gongen tok eg faktisk alt med untak av babykaruseller og ein som var ute av drift. 

Mest stolt er eg over desse to jävlene av nokre tårn de ser under. Det i bakgrunnen er 121 meter högt! Aldri för har eg turt å ta eit så högt tårn ein blir sluppet ned frå heller, det var så sjukt. Fölte at alle innvollene i heile kroppen skulle falle ut på vegen ned, hahah. 



Det var veldig kjekt på slutten når folk byrja å dra heim. Då var det nesten berre til å bli igjen på Berg-og-dal-banen til neste runde igjen, heheh. Vi var der faktisk i 8 timar. I tillegg vann vi faktisk ein sånn svär sjokolade, woho. 

Okei, dag nummer to: Vi stod opp tildlig på morgonen, kasta i oss frukost og sprang til butikkane omtrent då dei opna. Eg skal ikkje seie nöyaktig kor mykje pengar eg brukte, men eg kan love at kortet blei dratt til det blei varmt, hahah. Eg shoppa jo ein del i dyre butikkar denne gongen, som Hollister, American Apparell og Urban Outfitters. Uansett var alt verd pengane. Eg er storfornögd og kan ikkje vente til eg får lasta opp innkjöpsvideoen. 

Stockholm er verkeleg shoppingparadis, tror det ligg rett under London når det kjem til shopping i Europa! Det finst i alle fall mange butikkar der som vi ikkje har heime. 

På fredagen tok vi toget til Uppsala, der henta farmor og farfar oss og köyrde oss heim til dei. No er vi på plass og klar for ei veke til i Stockholm, det blir for det meste bading. Her vi er er det ikkje langt i frå sydentemperatur midt på dagen, de anar ikkje. 



Håpar at det kjem fleire innlegg etterkvart, har i alle fall mange fleire bilete å leggje ut. De må forresten unskylde ö-ene mine, svensk tastatur, hahah. 

På igjenyn!

REISEKLAR



God kveld/natt/morgon/dag! Eg er i grunn ganske sliten og trøtt, men det blir umogleg å sovne med tanke på at flyet går til Sverige i morgon. Heldigvis går det ganske tidlig. Eg hatar dei gongene eg skal reise og eg må vente heile dagen på å dra til flyplassen. 

I alle fall lander vi i Stockholm ein gong midt på dagen og der skal vi vere i to døgn. På dei 48 timane skal vi ete, shoppe, dra på tivoli og sove. Etter det går turen til farmor og farfar som eg gleder meg minst like mykje til. Det blir utrulig koselig å sjå dei igjen, for ikkje å snakke om resten av familien. Vi skal vere i Sverige i 10 dagar før turen går heim igjen. Eg håpar det blir ein del blogging, men ein veit aldri. Blir uansett oppdatering når eg kjem heim ♥

Outfit 29.06.14

God dag! Sunniva, Eileen og eg kubba på sofaen i natt og våkna opp med vondt i alle kroppsdelar kloka 1, meheh. Vi har nettopp ete pizza på terrassen og snart skal vi ut ein tur. Det er så utrulig varmt i dag, vi veit ikkje riktig kva vi skal ta oss til, hahah. Eg må i alle fall pakke, snart Sverige, woho. 

Her er gårsdagens antrekk ♥

Topp frå NewYorker// Overall frå Cubus

FULL FRES

- Må berre starte med å seie at eg har fått skikkelig dilla på falske tatoveringer, ååh. Har så utrulig  lyst på ekte, men eg kan nøye meg med sånne som går av i vatn til eg blir 18, hihi ♥

Heiii! Siste blogginnlegg var på torsdag, whopsiii. Alt har gått så fort dei siste dagane, har liksom alltid hatt noko å gjere på, så tastaturet på mac´en var litt rustent no. På onsdag kom Eileen, ho er her framleis. Vi har hatt det utrulig kjekt og hengt mykje med Sunniva. Det har vore lange netter og tidlige morgonar, sistenemnte i alle fall for nokon av oss. Det vil seie at eg har jobba. Kanskje ikkje like lurt å leggje seg til å sove når fuglene startar å synge morgonsongen sin, men det er sommarferie, hahah. 

Ellers har eg byrja å guide på jobben no. I dag starta eg med å ha foredrag framfor over 20 menneske, skal innrømme eg var ein smule nervøs, men 20 minutt går fort når du først byrjar å prate. Det er faktisk veldig kjekt å guide, får eit lite adrenalinkick etter omvisningane. 

Fiiinaste Eileen ♥

I dag møtte eg Eileen og Sunniva etter jobb, etter mat dro vi ned til sjøen. Der tok vi ikkje årets første bad, men årets første skikkelig bad. Vi hoppa gong etter gong frå brygga og var uti vatnet lenge før vi orka å gå opp, så varmt har det blitt! Vi hadde også gjørmekrig, hahhahah. Det var faktisk utrulig kjekt, ein av dei beste dagane på leeeeeenge. 

Idyll!



Har forresten fått tatt ein del polaroidbilete til no, men sparar mest moglig av filmen til Sverigeturen, drar om 2 dagar, hurra!

Endelig Polaroidkamera

Hola, gjett kva eg våkna av i dag...Postbudet på døra som leverte pakke til meg! Inni var polaroidkameraet eg bestilte for eit par daga sidan. Eg kjøpte expresslevering for å forsikre meg om at det skulle få bli med til Sverige om seks dagar, flaks for meg kom det i tide. Filmen er jo veldig dyr, så det er ikkje akkurat sånn at eg tar 37 bilete kvar gong eg går ut dåra (sånn som meg gjer meg bloggen, meheh), men eg skal ta bilete til spesielle anledningar eller fine stunder. Når eg har tatt mange skal eg fylle ein heil vegg, trur det blir kjempefint. Eg har hatt lyst på så urtulig lenge så no er eg veldig glad. Skal nok få brukt det litt i sommar, hihi.

Eg måtte så klart ta ein test og då fekk Eileen bli med, blei skikkelig koselig bilete med is og greier. Under ser de når det nettopp har komt ut, det blir mykje tydligare etter kvart altså. Forresten er polaroidkamera sånn gamaldags kamera der biletet kjem ut med ein gong, og du kan på ein måte ikkje forhandsvise det (for dei som ikkje visste det). Ahh, elsker det. 

Eg kjøpe mitt her: http://www.pixmania.no/snapshot/fujifilm-instax-mini-25-hvit/15094902-a.html

Dear June

Hei! I dag har det vore så latterlig varmt, heilt fantastisk. Dessverre klarte eg å sove vekk eit par dyrebare timar med sol, men eg kasta meg ut døra så fort eg våkna. Eg klarte faktisk å sole meg litt til det blei for kjedelig, så eg stakk heller bort til besto. Etter det har eg prata lenge med Silje, øvd på foredrag om Ole Bull, vore med Sunniva og hatt ei økt med styrketrening. Denne veka skal eg trene som ein Gud, lover! 

At vi framleis berre er i juni er ein fin tanke, eg treng ikkje å bry meg om skule på nesten to månader heller! Ahh, om det berre held seg slik det er no...

Skjørt frå New Yorker// Veske frå accessorize// Solbriller frå H&M

#outfit

A pretty awesome tuesday

God tirsdag, fy søren så god den har vore. Eg våkna opp heime hos Sunniva litt for seint, men hei; det er det vi har sommarferie for! Sola skein som berre det, himmelen var blå og skyfri, vi kunne ikkje gjere anna enn å gå ut. Sunniva steikte rundstykker og skjærte opp vatnmelon mens eg gjekk opp i skogen for å plukke bær, hahah. Der har du meg. Det blei eit veldig idyllisk måltid på terrassen.

For meg er det berre ikkje skikkelig sommar før det første markjordbæret er svelgt! Mmmm.

Så tusla vi omsider ned mot sjøen med eit lass av mat og drikke. Etter litt om og men kom eg meg uti vatnet.  Ahh, den herlige følelsen av å hoppe ned i saltvatn, rett og slett ubeskrivelig. Etter eit par timar ved sjøen kom eg heim akkurat tidsnok til grillmat etterfulgt av ein lang dusj. No sit eg her inni ei lita tenkjeboble om eit lite valg eg må ta, mehehe. For meg hjelper det å sjå skikkelig jentene serier, berre for å fokusere på noko anna. I kveld blir det Gossip Girl, sjølv om eg allereie har sett heile serien før, hihi ♥



Håpar alle har hatt ein like fin dag som meg ♥

JUST DO IT

Denne sommaren har eg rett og slett berre bestemt meg for å trene mykje. Eg skal ikkje reise så mykje, har ingen spesielle planar og har dermed tid til å vere i aktivitet. Kjenner at eg har sotte og venta på at musklene skal komme i alt for mange månader utan å gjere noko særlig innsats for å få det, men no... Eg har endelig innsett at resultata ikkje kjem etter ein joggetur rundt nabolaget, det må faktisk litt meir til. Mitt einaste ønske er å komme i litt betre form, få meir energi og ork. Eg har vore sliten lenge nok!

Okei, så våkna eg ikkje med ein klump på armen og six pack i dag etter gårsdagens treningsøkt, det vil eg ikkje gjere i morgon heller. Men dersom eg berre held ut, vil kanskje antydningen til eit resultat komme i løpet av sommaren, kanskje. Let´s face it, eg er ikkje laga av stål, meheh.

Eg har no fått to gode teikn etter eit par dagar med styrke- og kondisjonstrening. 1. Gangsperr, så inn i granskauen med gangsperr. 2.Eg er svolten heile tida, heile tida. Førstenemnte er eg heilt sikker på at er eit positivt teikn, litt usikker på den siste, haha. Eg brukar i alle fall ikkje å ete så mykje til vanlig som eg har gjort no i det siste, men det er berre sunt for meg. Må jo nesten ha noko å byggje musklar av også!

Denne dagen starta med ein fjelltur for meg sjølv, det var faktisk ganske koselig. Eg skal prøve å få til fleire sånne turar i nærmaste framtid. Berre meg, stien og Johnny Cash på repeat. Om eg faktisk kjem til å fortsette med dette kan eg ikkje love, ein veit aldri med med. Av og til er eg sånn "ja, trening, god idé. La meg bli vegetarianar også." og andre dagar er eg sånn "nei, fy søren, ville aldri ofra dyrebare minutter på ein joggetur som eg heller kunne brukt på å sjå serier og ete kake på!". Hahah. Eg kan jo berre håpe på at motivasjonen forblir på det nivået den er på no i ei god stund til!

A well spent day

Riktig god natt kjære lesere! To dagar med sommarferie og eg har allereie klart å snu døgnet og miste rekninga på dagane... Uansett har eg faktisk fått gjort litt av kvart i dag. Etter jobb hadde eg ei god treningsøkt, så ei lang ryddeøkt. Eg må ha brukt fem timar på ryddinga, hahah. Det var berre snakk om badet og hobbyskapet mitt, men fy søren så mykje drit ein kan samle på seg gjennom åra. Det verste er at eg har grudd meg i over to år til å starte med det, endelig er eg ferdig, hahah. 

No slipper eg å klage over rotet heile sommaren. Sommaren som er her. Tenk, det er så rart. No skal eg kose meg med litt frukt og ein episode av awkward ♥

Elles var pappa og eg i byn i går, det var supersalg på Monki og då kunne eg ikkje anna enn å slå til på nokre nye deksel. Eg har sikla på desse i sånn to månader no, eg sparte visst litt på å vente! Hihi.

Les mer i arkivet » September 2014 » August 2014 » Juli 2014


Hei. Mitt namn er Kajsa, eg bur eit stykke utanfor Bergen og er 15 år. Nokre av interessene mine er skriving, mote og fotografering. Enjoy!

For kontakt:
kajsaboyum@hotmail.com










Matbloggtoppen hits